Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Great Mouse Detective (1986)

The Great Mouse Detective

Film
3

Basil er Disney-versjonen av Sherlock Holmes. Som det blir antyda, men aldri sagt direkte, så bur Basil under huset til Sherlock Holmes. Basil er forresten ei mus.

I The Great Mouse Detective er me i London på slutten av 1800-talet. Dr. Dawson er på utkik etter ein stad og bu, og møter på eit barn som har mista faren sin. Barnet prøver å finne Basil, og Dawson slår følge og blir involvert i etterforskinga.

Historia er ikkje basert på arbeid av Sherlock Holmes-forfattaren Arthur Conan Doyle, men prøver å etterlikne stilen. Oppbygginga verkar difor som ei Sherlock Holmes-historie, men ei noko forenkla ei. I tillegg sper The Great Mouse Detective på med musikalske element i vanleg Disney-stil.

Sally Silverscreen på 18 Cinema Lane (18cinemalane.com) meiner filmen avslører for mykje av mysteriet for tidleg. Publikum veit då meir enn Basil, i staden for å løyse saka saman med han. Det er ei konkret utdjuping av avstanden eg kjenner til ei vanleg Sherlock Holmes-historie. Filmen har mykje god underhalding, men etterforskinga blir mindre spennande når me ikkje får vere med på dei same oppdagingane.

Både filmen og musikken er god. Her er det innslag av humor som passar like godt for vaksne som barn. Det som manglar er vakuumet som oppstår i avstanden frå denne enkle historia til ei tradisjonell Sherlock Holmes-historie. Samanlikninga er av forståelege årsaker vanskeleg å komme unna. Dette pregar filmen litt, men ikkje mykje.