
The Great Train Robbery
I kortfilmen The Great Train Robbery frå 1903 følger me ei gruppe bandittar som ranar eit tog, og deretter blir forfølgd av ein sheriff og gruppa hans.
Plassen til denne filmen i filmhistoria er at han er kjent for å vere ein av dei første filmen med ein lengre, samanhengande forteljing frå USA. Den totale lengda er på 11 minuttar.
Dette er som eit lite innslag frå ein western. Ikkje den heilt store greia i seg sjølv, men nok spenning til å halde det gåande.
Filmen er spelt inn både i studio og ute på lokasjon. Her er det skyting, eksplosjonar, kryssklipping og mange andre innslag som gjer dette til ein komplett film.
Møtet mellom teaterpreg og verkelege omgjevnader blir framheva av Chris Edwards på Silent Volume (silent-volume.blogspot.com). Han meiner filmen er meir enn ein historisk kuriositet, mellom anna fordi opptak av tog og landskap gir liv til dei enkle kulissane. Det er interessant å sjå desse grepa som kvalitetar i seg sjølve. Dei treng ikkje berre fortelje oss kor tidleg filmen kom, men kan også gi rørsle og spenning til den korte ranshistoria.
