Katakombefilm-film nummer to i 2006 kom frå Japan, og var på mange måtar veldig japansk. Handlinga går ut på at ein ung gut som er kåra til årets Kirin Rider, må kjempe mot vonde krefter med litt hjelp frå sine yokai-venner.
Yokai er den japanske forma for tussar eller troll. Dei utgjer uendelege rare variantar av overnaturlege skapningar i denne filmen. Filmen er både morosam, underhaldande, og byr på litt ekstra slåsting enn eg forventa i sjangeren. Det er rett nok mitt første møte med regissøren Takashi Miike, som står bak både Ichi the Killer og Audition.
På engelsk er filmen kjent som The Great Yokai War.