Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Hand That Rocks the Cradle (1992)

The Hand That Rocks the Cradle

Film
3

The Hand That Rocks the Cradle følger historia om ein familie som tilset ei kvinne til å vere barnepassar. Ho som får jobben gjer det for å søke hemn på familien, etter at livet hennar blei øydelagt som følge av noko dei gjorde.

Peyton som ho heiter, spelt av Rebecca De Mornay, legg ein plan for å infiltrere familien hennar og utnytte tillita ho får for å skape splid.

Filmen er ein thriller med spenning og gode vendingar. Rebecca De Mornay er skremmande god. Måten dei andre òg spelar så naive på er like viktig for at dette fungerer. Me som ser på veit alt. Då kan det for min del fort bli til at eg lett legg merke til dumme val som blir tatt, men The Hand That Rocks the Cradle er heldigvis bygd opp slik at dette ikkje blir ei greie.

Filmen er kanskje ikkje alltid er nyskapande, men det hindrar ikkje opplevinga. Det personlege dramaet grip.

Naiviteten fungerer ikkje like godt for alle. Baked Movie Reviews (bakedmoviereviews.wordpress.com) meiner foreldra sine dårlege val gjer filmen meir absurd enn truverdig, men finn likevel underhaldning i å bli frustrert på deira vegner. Eg blei meir gripen av dramaet enn oppteken av slike feil. Det viser kor mykje denne typen thriller avheng av at me godtek familien si tillit til feil person.