
The Happy Poet
The Happy Poet er ein avslappa film om ein avslappa fyr med ein draum om å selje rask og sunn mat.
Problemet er at fyren verken har karakter til å vise seg og sitt på ein nødvendig og synleg måte. Han har ikkje akkurat forretningssans heller. Men det er lastene hans som gir filmen spelerom, og ikkje minst humor.
Ut i frå dette likte eg filmen. Karakterane var passe interessante, og filmen klarte å skape ei stemning rundt desse.
Travis Keune på We Are Movie Geeks (wearemoviegeeks.com) finn også fleire gode vitsar i forsøket på å gjere ein matidé til levebrød. Han har større problem med den monotone framføringa til Paul Gordon og saknar ein hovudperson det er lettare å bry seg om. Eg får meir ut av den tilbakehaldne fyren og miljøet rundt han. Manglane hans gir komikken plass, sjølv om ikkje alt filmen gjer med draumen hans, fungerer like godt.
Sjeldan heng eg meg opp i ein dårleg slutt, men slutten er uventa, upassande og for god til å vere sann.
