The Happy Poet er ein avslappa film om ein avslappa fyr med ein draum om å selje rask og sunn mat.
Problemet er at fyren verken har karakter til å vise seg og sitt på ein nødvendig og synleg måte. Han har ikkje akkurat forretningssans heller. Men det er lastene hans som gir filmen spelerom, og ikkje minst humor.
Ut i frå dette likte eg filmen. Karakterane var passe interessante, og filmen klarte å skape ei stemning rundt desse.
Sjeldan heng eg meg opp i ein dårleg slutt, men slutten er uventa, upassande og for god til å vere sann.