
The Heartbreak Kid
The Heartbreak Kid med Ben Stiller, Michelle Monaghan og Malin Akerman er ein gjennomsnittleg god romantisk komedie. Ben Stiller spelar ein mann som giftar seg før han har blitt godt kjent med ei dame, og må tåle konsekvensane.
Filmen er føreseieleg og overflatisk, men både rolla til og framføringa er Ben Stiller solid nok til å bere filmen. Innslag av grei og god komedie kjem ofte nok til at filmen er underhaldande og eit greitt tidsfordriv.
Det som trekk mest ned er at enkelte gode poeng i komedien som er basert på sanningar, blir overdrive og dermed mistar filmen sin sjanse til å vere lur.
Stefan S på A Nutshell Review (anutshellreview.blogspot.com) meiner dei gode komiske stundene kjem for sjeldan, og at avslutninga blir både klønete og unødvendig lang. Han får faktisk meir ut av romantikken enn av mykje av komikken. Eg blir underhalden oftare enn han gjer, men kjenner igjen at filmen ikkje alltid veit når han har gjort nok ut av eit poeng. Det som kunne ha vore treffsikkert, blir mindre morosamt når det blir pressa for langt.
