Buddy cop-filmen The Heat med Sandra Bullock og Melissa McCarthy er som ei rekke andre nye filmar eg har sett i det siste, litt betre enn middels.
Det kan bety så mangt. Med The Heat betyr det at filmen var betre enn forventa. Eg har sansen for Sandra Bullock, men hadde lite tru på at denne komedien skulle fungere. No fungerer han ikkje utmerka, men filmen glimtar til nok gonger til at det går ned.
Det største plusset er at me kjem under huda på dei to sentrale karakterane våre i løpet av filmen. Ikkje mykje, men nok til å bry oss om kva som skjer. At filmen har ei altfor tynn og velkjent krimhandling utan særleg spenning trekk ned, men karakterbygginga held det gåande.
Av humor som det blir bydd på er det eit par lure kommentarar i blant, humor i dei små detaljane her og der, og eit generelt glimt i auget. Det er også nok av overdrivingar og språkbruk som er dårlegare, men som heldigvis ikkje er spesielt i vegen.
Men igjen, som berre litt over middels god film er The Heat vanskeleg å anbefale.