Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Hills Have Eyes (2006)

The Hills Have Eyes

Film
3

Nyinnspelinga av Wes Craven sin The Hills Have Eyes frå 1977, som eg har til gode å sjå, har det meste eg kan forvente meg av ein overlevingsgrøssar. Mykje sand, støv og drit. Samt ferskt blod, inntørka blod, og blodsprut. Flammar, skriking, mutantar og ikkje minst dumme folk. No må det seiast at eg har sett grøssarar der folk er langt dummare, så denne filmen kjem godt opp på skalaen der. Det er heller ikkje animerte mutantar som kan hoppe som eit lengre steinkast, likevel om det er snakk om livsglade seigmenn.

Stemninga er lagt opp slik at eg heile tida sit og ventar på at noko skal sprette inn på skjermen. Dette er altså ingen psykologisk thriller her i garden. Som sjangerfilm er han ikkje verst. No har det seg slik at eg ikkje ser så ofte grøssarar, så iallfall halvparten av dei eg ser er anbefalte filmar. Men førre nyinnspeling av ein grøssar eg såg, som var The Fog, klarte heller dårleg å skremme og underhalda. Likevel, det er ikkje ein film å skryte av dette her, mange stader er det heller tendensar til harry som får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg enn noko anna.

Matt Adcock på Darkmatters (darkmatt.blogspot.com) meiner Alexandre Aja får fram ei uro som varer etter at filmen er slutt, og rosar effektane som ein viktig del av ubehaget. Det er sterkare ord enn eg vil bruke. For meg ligg mykje av spenninga i å vente på neste brå innslag. Den skitne, fysiske framstillinga hjelper sjangeropplevinga, men hindrar ikkje at enkelte parti blir meir harry enn skremmande.