The History Boys - Filmdagbok

The History Boys 2006

Noko som tilsynelatande skulle vere ein morosam komedie basert på eit teaterstykke, tar for mykje etter formatet til opphavet sitt. Vekta er lagt på snakking, helst sitering og intellektuelt snakk. To ingrediensar som kan skape ein god film. Woody Allen er kanskje min favoritt her. Men det Woody Allen har i sine filmar er konverseringa, og det har ikkje Nicholas Hytner klart å få til i sin. Her snakkar ikkje folk til kvarandre, dei snakkar framfor kvarandre. I lengda blir det for stivt.

Heile filmen blir eg sittande med ei kjensle av å sjå teater. Ikkje at eg har noko i mot teater i utgangspunktet, så lenge det er i ein sal. På skjerm er det tabu. Eg vil ikkje påstå at andre kjem til å sjå dette problemet i filmen. Dei vil kanskje heller legge merke til ting som at The History Boys aldri har nokon høgdepunkt, at han ligg stabilt midt i mellom interessant og uinteressant. I blant er det forsøk på humor. I blant lo eg, men oftast ikkje. Det var aldri nokon å le med. Rollefigurane er i utgangspunktet gode, men målet deira er like kjedeleg framstilt som anna britisk skulevesen gir inntrykk av å vere. Dette gjer at eg aldri klarer å knyte meg til nokon av dei.

Ei moglegheit er om du er homofil og opptatt av skule, då er kanskje denne filmen tingen. For han er av få filmar som verken problematiserer eller romantiserer homofili. Nettopp ein annan ting som gjer det litt kjedeleg. No har eg snakka ein del over mot det negative her. Det kan jo sjølvsagt hende eg har misforstått filmen. Kanskje han er bra om du er rett innstilt. Eg tykte at han var akkurat passe kjedeleg.