The Hitchhiker's Guide to the Galaxy - Filmdagbok

The Hitchhiker's Guide to the Galaxy 2005

Eit gjensyn med The Hitchhiker's Guide to the Galaxy er eit eg har planlagt lenge, og som eg no endeleg har hatt. Filmen gjorde ikkje underverk førre gang, men blei sånn akkurat passe likt. Det same må seiast om gjensynet, bortsett frå eit par ting som eg skal nemne.

Zooey Deschanel må vere den mest perfekte kvinna til å spele søt og smart i ein så gjennomført britisk film som dette, sjølv om ho ikkje er britisk. Ho er stort sett alltid vedunderleg i alt det eg har sett ho i. Eg er fengsla.

I løpet av dei to åra sidan sist eg såg The Hitchhiker's Guide to the Galaxy har eg blitt kjent med fleire av skodespelarane frå filmen. Det er med på å gjere dette til ei rikare oppleving knytt til filmindustrien.

The Hitchhiker's Guide to the Galaxy har utruleg mange gode idear å spele på, rare greier som eg smiler over, men som aldri når eit klimaks. Eg veit ikkje heilt kva det er, for det både ser bra ut, og det meste må eg innrømme er godt tenkt, det berre fengjer aldri nok. Det blir ikkje mislikt heller, så det er sagt.

Planen min om å lese alle bøkene har eg hatt i minst seks år nå. Det er kanskje på tide å gjennomføre han, for å få litt meir ut av dette.