Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Hobbit: An Unexpected Journey (2012)

The Hobbit: An Unexpected Journey

Film
4

Eg sette stor pris på The Lord of the Rings-trilogien, men brann aldri for å sjå The Hobbit: An Unexpected Journey på kino. Det tok meg fire månader før eg såg filmen.

Det er ein flott film som er lett å leve seg inn i. Filmen fungere fint som byrjinga på ei eiga historie, og som påfyll til The Lord of the Rings-filmane.

Det skjer nok, men det tar likevel for lang tid før handlinga gir inntrykk av å starte skikkeleg. Utanom dette er dei ufarlege kampscenene einaste kritikk, mot ein elles spennande og passe lang, lang film.

Chris på Unoriginal Observations (unoriginalobservations.wordpress.com) meiner den vesle historia om Bilbo blir strekt for langt mot eit stort epos. Han finn likevel mykje glede i Martin Freeman og det visuelle gjensynet med Midgard. Eg blir også lett med inn i verda igjen, og har ikkje noko imot ein lang film når han først er i gang. Men før reisa får skikkeleg fart, kjenner eg at den store innpakkinga tek vel mykje tid.