The Holiday Calendar - Filmdagbok

The Holiday Calendar 2018

The Holiday Calendar er ein julefilm som er laga for strøymetenesta Netflix. Med tanke på produksjonskvalitet og potensielle målgrupper er dette ein Netflix-variant av tv-filmar med juletema frå Hallmark.

Filmen handlar om ei ung og singel kvinne, som får ein magisk julekalender av sin bestefar. Lukene let seg ikkje opne før på tilhøyrande dag i desember, og gir då ei lita gåve som fortel noko om kva som vil skje den same dagen. Første dagen får ho ein støvelfigur i kalenderen, og seinare på dagen får ho eit par støvlar av bestevennen sin.

Filmen utspelar seg med ei romantisk historie, om den unge kvinna som møter ein kjekk åleinefar, og korleis forholdet deira utviklar seg.

The Holiday Calendar er grei skuring. Det er ein fin og til tider artig, men ukomplisert film. Veit du kva du går til, og unngår høge forventingar, så er dette ein koseleg film.