Ei ung kvinne er blitt for gammal for Playboy Mansion og blir kasta ut. Ho søker jobb i eit søsterskapshus som husmor, og må hjelpe dei med å finne nye medlemmer så huset kan bestå.
Dette er ein vrien jobb ettersom huset berre består av rare jenter, og ikkje er noko populært mål for nye collegestudentar. Så ho gjer det einaste ho kan, prøver å gjere jentene om til dumme og blonde stereotypar som kan trekke gutar, og dermed bli populære.
Det er ein så overflatisk og tullete komedie som det kan bli. Men med Anna Faris så blir det også med glimt i auge.