
The Hunchback of Notre Dame II
Dette er ein oppfølgar som kom rett på video, seks år etter kinofilmen The Hunchback of Notre Dame. Filmen har dei kvalitetsteikna som ein videoproduksjon ofte får, med mindre detaljer animasjon og ei mindre original historie. Det gjer han til mindre god enn filmen han følger, men eg var skrudd inn med dei rette forventingane, og synest soleis at dette bydde på ei kurant oppleving.
David Nusair på Reel Film Reviews (reelfilm.com) finn ein viss sjarm i at historia ikkje prøver å vere større enn ho treng. Han saknar kvaliteten i animasjonen og dei minneverdige songane, men rosar dei tilbakevendande stemmene. Det passar med forventningane eg hadde. Ein liten tur tilbake til desse figurane kan vere hyggeleg, sjølv om han ikkje når opp til kinofilmen.
