The Hunchback of Notre Dame II - Filmdagbok

The Hunchback of Notre Dame II 2002

Dette er ein oppfølgjar som kom rett på video, seks år etter kinofilmen The Hunchback of Notre Dame. Filmen har dei kvalitetsteikna som ein videoproduksjon ofte får, med mindre detaljer animasjon og ei mindre original historie. Det gjer han til mindre god enn filmen han følgjer, men eg var skrudd inn med dei rette forventingane, og synst soleis at dette bydde på ei kurant oppleving.