Oppfølgjaren til The Hunger Games frå i fjor held fram historia om Katniss (Jennifer Lawrence) og hennar tragedie som blir eit symbol for motstandsrørsla mot eit totalitært styre.
Trass i at eg har lese bøkene og veit kva eg får, var eg skeptisk til om oppfølgjaren kunne levere så godt som den første filmen. Men frå første minutt var det klart at den kalde tonen frå forløparen skulle halde fram. Og ikkje berre den kalde tonen, men og kontrastane mellom rikdommen i hovudstaden og resten. Og på toppen av dette gi ei spennande og fantasirik handling om ein dødeleg leik.
The Hunger Games: Catching Fire går ein fin balanse mellom visuell blending og substans. Her tenker eg at filmen er hakket betre enn sin forgjengar, som eg stadig gløymer kva handla om i detalj. Veker etter å ha sett The Hunger Games: Catching Fire har eg friskt i minne ulike scener.
At filmen i stor grad handlar om det same som den første gjer ingen ting. Det er meir alvor, i og med at innsatsen er høgare. Dette er nødvendig ettersom filmen ikkje kan spele på at alt er nytt, slik forgjengaren. Og det er ei lette å sjå at The Hunger Games: Catching Fire ser like påkosta ut som forgjengaren.
Filmen er ikkje perfekt. Det er innslag av opplagt dumme val frå karakterane som trekk ned. Enkelte deler av historia og forklaringane kunne ha blitt gjort om, ettersom den bokstavelege overføringa frå boka i lag med langt mindre tid til forklaring, gjer at nokon deler ikkje er så på greip som dei burde. Men oppi det underhaldande heile så er kritikken min mest pirk.