Ei spesialgruppe amerikanske soldatar i Irak køyrer rundt for å desarmere bomber. James (Jeremy Renner) blir med i gruppa og er ein fyr som tar store sjansar, men samtidig ein av dei dyktigaste til jobben til å desarmere.
The Hurt Locker skildrar deira opplevingar og påkjenningane dei møter i kvardagen, ikkje minst over tid. Det er fullt av spenning undervegs i kvart einaste møte med fare. Filmen hoppar i stor grad frå den eine faren til det andre. I blant blir vi vist kva dødtida i leiren blir brukt til.
Målet til filmen er heimturen tilbake til USA, som er visst mange dagar unna. Utanom dette har ikkje filmen noko skikkeleg start- eller midtparti, og framstår meir som ei samling av det beste og mest spennande innanfor tidsperioden.
To timar går fort. På grunn av både spenning og variasjon. Ettersom filmen ikkje følger eit løp med kjente spenningskurver, så bryr eg meg heller med det som skjer undervegs enn at det skal bli over. Samtidig er greier som tema og vinkling interessant. Folka som er med gjer ein god jobb. Det meste sit i grunn godt, og bidrar til å gjere totalen god.
I lag med Zero Dark Thirty har Kathryn Bigelow laga to flotte krigsfilmar som begge handlar om krig i moderne tid på ein seriøs og god måte. Eg held ein knapp på Zero Dark Thirty, men tykte at The Hurt Locker er nesten like god. Eg anbefalar begge to.