Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Hustler (1961)

The Hustler

Film
4

Paul Newman i biljarddramaet The Hustler frå 1961.

Filmen er lang, men han køyrer eit stilfullt løp. Det står heller aldri stille. Roleg tar han det nok, men biljard, eller pool, er ein presisjonssport. Eg hadde blitt skuffa om dette var sveisa saman på raskast mogleg vis.

Her er mennene ekte mannfolk og alkoholen renn i strie straumar. Atmosfæren er tung og regissøren prøver på ingen måte å skape ein lykkeleg film. Det er stort sett dystert, men både filmen og rolla til Paul Newman har sjel og karakter.

Det er ikkje spenninga i biljarden som gjer inntrykk, det er personane og situasjonen.

James Berardinelli på ReelViews (reelviews.net) meiner biljarden først og fremst er ei ramme rundt kampen personane fører med seg sjølve. Det er menneska og dei indre konfliktane som gjer filmen interessant for han. Det passar godt med det eg sit igjen med. Eg treng ikkje spenninga i spelet når personane og situasjonane har så mykje å gi.