
The Ice Harvest
Eg har delte meiningar om denne filmen. Fleire plassar ser eg at det blir prøvd å gjere noko morosamt på ein intellektuell måte, men at det ikkje heilt når opp. Det er likevel morosamt mange stader, spesielt i scenene med Oliver Platt.
Blandinga av krim og svart komedie fungerer betre for Diabolu Frank på ...nurgh... (nurgh.blogspot.com). Han finn mykje glede i å følge John Cusack som ein stadig meir resignert mann på veg nedover, sjølv om han også meiner tonen kan sprike. Eg får ikkje den same driven ut av denne ulukka. Nokre gode komiske innslag er der, men dei er ikkje nok til å gi den føreseielege historia den brodden ho treng.
Filmen klarar ikkje å overraske, og er trass i straumane av blod litt slapp. Det kalde preget kjem ikkje heilt fram. I ei scene der rollefiguren til John Cusack står og ser utover eit jorde får eg inntrykk av at det er ein mild fønvind framover kalde gufs som går gjennom håret hans. Eg har absolutt ingenting å grunngi dette med, sidan det som sagt berre er eit inntrykk.
