The Imitation Game tar ei god historie og glattar over ho, presenterer ho på ein altfor enkel måte og presenterer hendingar og handlingar på irriterande vis. Likevel er historia i botnen så god at det kan bli tilgitt.
Eg hadde store forventingar til den Oscar-vinnaren The Imitation Game. Ikkje dei største, då eg gjerne har blitt skuffa over prislønna og rosa filmar i mange år. Problemet er at etter kvart som filmen utfaldar seg, så gjer han ikkje meir enn å streife i overflata. Overflatiske karakterar og framstillingar av handlingar som gjer dei mindre truverdige.
Historia om kva Alan Turing kunne og gjorde er god. Så god at bruken Morten Tyldum gjer av alle moglege klisjear er overkommelege. Eg snakkar i hovudsak om framstillinga av folk, for resten av filmen er bygd opp på spennande vis. Og eventuelle kunstnariske tolkingar og forskjellar til sann historie er uvesentleg for mi oppleving av denne fiksjonsfilmen.
Eg gir filmen ei rangering midt på treet, men kan ikkje gå inn for ei anbefaling. Karakterar er ein sopass sentral ein og viktig del av film at det ikkje er til å oversjå.