The Impossible - Filmdagbok

The Impossible 2012

Lo imposible er ein spansk, men engelskspråkleg film. Han handlar om tsunamien som traff Thailand i 2004, og ein familie som er på ferie der då. Om korleis dei hamnar frå kvarandre og dagane som følgjer. Det er ein godt laga katastrofefilm med stort alvor, som er lett å sluke som underhaldning, men som ikkje evnar å komme for godt innpå meg.