Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Incredibles (2004)

The Incredibles

Film
4

Ein desemberdag for tre år sidan var dette ein passe god animert film, men ikkje alfa omega. Eg kjente igjen musikktypen, det var litt som i ein James Bond-film. Og ulike element frå superheltehistorier, eit vist nostalgisk preg og glimrande animasjon. Parodieringa på superheltfilm var noko eg meinte i ettertid var svært viktig i filmen, og det mest morosame.

Å kalle det ein parodi er feil ordbruk, The Incredibles er ein hyllest til superheltfilm og brukar flittig mange kjente trekk. Ved å bruke animasjon kan det heile gjerast ganske vilt samanlikna med vanleg film med spesialeffektar utan at eg reagerte på det, endå nærare teiknefilmsjangeren. Alle referansane til superhelt- og agentfilmar er til å sette pris på. Handlinga er føreseieleg så det held, men filmen er flott utført og køyrer løpet godt.

Disney og Pixar har laga ein film for familien, så nokon moralske preik må du tåle ved sidan av lykkeleg slutt og samla familie. Dette er på si side det som trekk filmen ned eit hakk for min del sjølv om eg forventa det. Viktig å nemne er at spenninga ikkje går på rekning av dette, The Incredibles har nokon flotte høgdepunkt som aktiverer smilebandet, litt mør er han i botnen med dei godt skjulte drapa sine og fiendtleg destruktivitet.

Familieramma har ein annan verdi for Todd Brown på ScreenAnarchy (screenanarchy.com). Han meiner historia om ein mann som har gitt opp noko av seg sjølv for stabiliteten, gir filmen mykje å tilby vaksne også. Det er ei side ved heilskapen eg kan sjå, sjølv om den moralske bodskapen trekk ned for meg. Heldigvis finn me begge glede i actionen, der animasjonen gir superheltane rom til å verkeleg sleppe seg laus.