Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Insider (1999)

The Insider

Film
3

The Insider handlar om ein produsent for TV-programmet *60 Minutes *som får eit tips. For å stadfeste innhaldet i tipset involverer han Jeffrey Wigand, som nyleg har fått sparket frå eit tobakksfirma. Handlinga følger Wigand, som må ta eit val om å avsløre det han veit, og Bergman som strever med å få Wigands historie på lufta.

Filmen utforskar dei juridiske og personlege konsekvensane for Wigand. Samt den etiske kampen i medieindustrien. Russell Crowe og Al Pacino står på namnelista, og dei er gode i å fremje dramatikken.

Russell Crowe si rolle er òg det sterkaste kortet for skribenten på Same League (sameleague.wordpress.com). Omtalen kallar dette hans beste prestasjon og finn det inspirerande å sjå Jeffrey Wigand stå imot mektige selskap. Det er lett å forstå. Sjølv når eg tykker filmen brukar for lang tid, gir Russell Crowe dei personlege kostnadene ved varsling ei tyngd som held historia interessant.

Eg tenker at The Insider er ein solid film med ei gripande historie. Men han kunne ha vore kortare. Han er til tider tung og saktegåande. Likevel set eg pris på dei sterke prestasjonane til skodespelarane. Filmen gir et interessant innblikk i problematikken rundt varsling og ansvaret media tradisjonelt har blitt gitt.