The Intern - Filmdagbok

The Intern 2015

Robert De Niro spelar ein pensjonist som lever eit godt liv, men som har gjort alt han vil gjere som pensjonist. Då han kjem over ei annonse som søker ein eldre praktikant, veit han at ein jobb er det han har sakna.

Han søker og får jobben, som er ein lågare posisjon i ein relativt nyoppstarta klesbutikk på nett. Utlysinga var meir for syns skyld for selskapet, men nærværet hans i selskapet blir markant.

Det er forholdet mellom karakteren til Robert De Niro og den yngre kvinnelege sjefen og gründeren i selskapet, spelt av Anne Hathaway, som er kjerna i filmen. Og før du tenker meir på det, så er det eit profesjonelt forhold det er snakk om. Ikkje eit romantisk eller liknande.

Det eg likar med The Intern er at søkelyset er retta mot karakterar som er målretta, kvalitetsbevisste og ønsker å bli betre. For Robert De Niro er ikkje alderen grunn til å slappe av. Dei yngre medarbeidarane hans ser opp til stilen og smaken hans, og den ærlege og reale måten å oppføre seg på trekk positive personar til omgangskrinsen hans.

Forma til filmen er ukomplisert. Filmskaparen Nancy Meyers veit å bygge opp gode karakterar i ei handling som verkar enkel, men har nok djupne. Det gjer ho her også.

Fri frå all kritikk er derimot ikkje filmen. Nokon av handlingane til karakterane blir hylla som gode val, eller val gjort av eit godt menneske, men er i realiteten elendige. Med tanke på at filmen er ein enkel affære, avstår eg frå å spesifisere for ikkje å øydelegga for dei som ikkje har sett han. Men poenget mitt er at det er nokon dårlege val som blir tatt, som avslører dei dårlege meiningane til filmskaparen. Dette er mest til irritasjon i ein elles god film.