
The Internship
The Internship er ein to timer lang reklamefilm og komedie. Reklamen er for Google, komedien er med Vince Vaughn og Owen Wilson. Regissøren er Shawn Levy, som har laga nok dårlege filmar til å få pes for det, men også eit par gode. The Internship er blant dei gode.
Kort fortalt blir Vince Vaughn og Owen Wilson turnuskandidatar hjå Google, og er dei einaste godt vaksne og teknologisk tilbakeståande der.
Eg har sansen for Vince Vaughn, Owen Wilson og også Will Ferrell som dukkar opp i ei mindre rolle. At The Internship verken leverer nytt, originalt, overraskande eller framtidig klassisk er greit. Filmen er morosam, har ein fin flyt og gjer ei god greie av å ha med Google. Skal det først handle om Google, så gjer det gjennomsyra, og det har filmen gjort.
Men forutan å bruke Google-kortet, så står det på om du har sansen for Vince Vaughn, Owen Wilson og korleis karakterane deira med sin sjarm og enkle livskunnskap kjem seg gjennom nokon små hindringar. Det når ikkje opp til den tidlegare film Wedding Crashers som duoen spelte i lag i, men er lett blant det beste av plankekøyrt studiekomedie.
Tim O’Brien på Keeping It Reel (keeping-it-reel.com) meiner også kjemien mellom Vince Vaughn og Owen Wilson held seg godt frå Wedding Crashers. Han finn likevel at Google-reklamen, det treige tempoet og dei påtrengande vitsane blir for mykje. Eg får meir ut av heilskapen. Når eg først likar duoen og godtek ramma, gir sjarmen og den enkle historia meg nok til at dette fungerer fint som lett komedie.
