
The Interpreter
Ikkje mykje av verken det eine eller det andre her.
Dette er ein gjennomsnittleg film med ei søt Nicole Kidman i hovudrolla. At han er gjennomsnittleg betyr at det verken er for mykje av drama, spenning, klisjear eller kjærleik å spele på.
Filmen har eit moderne preg. Og ingen kyssing i solnedgang her. Faktisk er det at dei ikkje har inkludert typiske stereotypar og klisjear som i andre filmar i same sjanger, som er grunnen til at filmen er så god som gjennomsnittleg.
Den varsame bruken av romantikk blir òg trekt fram av Mark Pfeiffer på Reel Times (reeltimes.blogspot.com). Han meiner tiltrekkinga mellom personane ikkje blir tvinga fram, og at Nicole Kidman og Sean Penn held att nok til å bevare uvissa mellom dei. Han er meir positiv til heilskapen enn eg er. Likevel er dette noko av grunnen til at filmen fungerer såpass. Han treng ikkje presse alle relasjonane inn i den mest opplagde Hollywood-forma.
