Ricky Gervais spelar ein fyr i ei verd der ingen lyg. Før han finn opp det å lyge, og gjer seg stor nytte av det.
Som oppdagar av fiksjon får han suksess. Det er sjølvsagt med følger. For som me alle mistenker, så kan ikkje ein sopass hovudstraumsfilm som The Invention of Lying unngå å ta for seg konsekvensane.
Det er likevel svært så fornøyeleg å sjå på. Eg har sansen for Ricky Gervais her. Uttrykket hans når han først oppdagar ved eit uhell at han kan lyge er gull.
Og heile saka med at folk heller ikkje har evne til å skjønne korleis, men likevel kan ane at han lyg, gir også filmen spenning.