
The Invisible
The Invisible er ei nyinnspeling av svenske Den Osynlige frå 2002, ein film eg for så vidt ikkje har sett og må avstå gleda ved å samanlikne med. Eg kan fortelje at det er ei god nyinnspeling, i form av det er ein god film, men definitivt ikkje for alle.
Nick (Justin Chatwin) er ein evnerik ung gut, han lev eit godt liv, er smart og har aldri gjort noko som folk kan hate han for. Problemet hans er at han er for snill og blir såleis styrt mykje rundt av andre, som mora. Men han gjer altså aldri noko vondt. Dei fleste han omgås med tar han heller for gitt, eit poeng filmen skal behandle då Nick ei natt blir borte, men er til stades som ein slags usynleg ånd rundt dei andre viktige karakterane i filmen utover.
The Invisible blir ein anten-eller-film, alt etter om du klarar å akseptere det overnaturlege fenomenet. Nick får observere folk og samtalane deira utan at dei veit det. Slik får han innblikk i ting rundt seg som han ikkje kjende til før han forsvann. Heng ikkje dette på greip er omtrent heile grunnlaget for filmen blitt borte for deg.
Ei skikkeleg smakssak med andre ord, som eg slukte og sette pris på. Eg hoppar ikkje i taket for originalitet, sjølv om eg ikkje kan påstå å ha sette denne historia før, men mykje verkar likevel kjent. Dramaet og musikken fungerte sopass godt at eg koste meg med filmen. Folka som er med glei på plass i miljøet og da spesielt den rimeleg ferske Margarita Levieva gjorde inntrykk på meg.
Dei første minutta etter at Nick forsvann, var eg smått skeptisk til om dette var ein kopi av The Sixth Sense. Åndedelen i samandraget mitt kan også gi det inntrykket, utan at det er meininga. Filmen styrer godt unna dette. Tanken forsvann like brått som han hadde komme. Med andre ord er eg rimeleg fornøgd med The Invisible, ein fin overnaturleg ungdomsfilm med dosar av sjølvrealisering og krim. Så lenge du ikkje forventar det meste så trur eg i grunn denne godt går an å sjå.
Ei meir lunken vurdering finn eg på Dougintology (dougintology.blogspot.com). Der blir filmen lesen som ei historie om overgangen frå skulen, forventingane frå mora og det å forstå menneska rundt seg, men skribenten meiner ikkje opplevinga er verdt kinobilletten. Eg får meir ut av dette. Dei kjende trekka plagar meg mindre når dramaet, musikken og folka i miljøet fungerer så godt som dei gjer her.
