The Irishman - Filmdagbok

The Irishman 2019

Martin Scorsese har regissert The Irishman, ein ny film på Netflix med mange store namn på plakaten. Robert De Niro, Joe Pesci og Al Pacino glimrar med øvste kreditering.

Med sine tre og ein halv timar var det berre å setje seg tilbake og ta til seg The Irishmen i det tempoet han måtte skje i. Det blei fort klart at filmen skulle vere ei livshistorie. Med andre strukturelt liknande filmar frå Martin Scorsese i minnet var eg klar over at dette handla om mykje om karakterane og skodespelarane i enkeltepisodane.

The Irishman fortel historia om Frank Sheeran. Han går frå å vere lastebilsjåfør til å bli ein viktig person i gangstermiljøet i Philadelphia, USA. Russell Bufalino er den mektige personen i det kriminelle miljøet som tar Frank under vingene. Dei blir både samarbeidspartnerar og venner. Vennskapet blir sentralt for det som skjer resten av livet til Frank.

Etter kvart blir også Frank venn med James R. Hoffa. Hoffa var fagforbundsleiar for den største fagforeininga i USA, og han blei sannsynlegvis drepen. Men ingen fann spor av han. Filmen fortel også historia om Hoffa ut får vennskapet hans med Frank.

Det er nokre ting eg legg merke til med filmen, som gjer at han ikkje når heilt opp. Den utstrakte bruken av animasjon for å gjere skodespelarane både yngre og eldre. Det er framleis sopass nytt for meg at det var distraherande. Og det set eit så stort preg på filmen at det blir skapt ein avstand mellom han og meg.

Enkelte sekvensar er lange og kunne med fordel ha blitt korta ned. Medan eg set pris på at andre sekvensar er så lange. Filmen byr på gode samtalar, og flotte rolleprestasjonar.

The Irishman var vel verdt å sjå, trass i manglane. Det er ein film som like gjerne kunne ha gått på kino, men som blei lansert på Netflix. Eg held igjen på å rangere han høgt, men det er ikkje langt i frå fire stjerner.