Alan Rickman sine ord på slutten av filmen om at han sluttar, går heim og vil prøve å gjere noko originalt, høyres ut som noko regissøren Pat O'Connor kunne ha sagt om han hadde vore sjølvbevisst på kvaliteten til The January Man. Mitt ferske forsøk på å gjere noko originalt på Filmdagbok er å byrje ei ny månad med film som har månaden i namnet, slo tilbake i ansiktet mitt.
Stjernespekka og med namn som Kevin Kline, Susan Sarandon, Harvey Keitel og Alan Rickman. The January Man ser kanskje ut som ei god pølse, men er fylt med dårlege fargestoff og usunt feitt. Med andre ord er han like dårleg som metaforane mine. I skodespelet finst det lite som kan bygge opp under personane sine kjensler, aggressivitet, handling, tenking.
Sjølve tråden i filmen med ein seriemordar på frifot i New York forsvinn bak forsøka på å skape sterke karakterar og anna som folka bak filmen måtte ha inntrykk av at var viktig for å lage god film. Sjølvsagt er det viktig, men like viktig er det å balansere filmen med godt innhald.
Spørsmålet eg stiller meg sjølv etter å stå bak slik kritikk er kvifor eg såg dette. Greia er at The January Man faktisk appellera til nysgjerrigheita mi. Eg var genuint interessert i å finne ut kven mordaren var, mest for å sjå om det vart løyst på ein like banal måte som mykje anna her.
Underhaldingsverdien i så mykje overflatisk interaksjon mellom kjente skodespelarar er innimellom ganske høg. Musikken er i fin vekslinga mellom god og passande for thriller ned til electronica-klimpring med 1980- eller 1990-talspreg. Han gir eit godt bilde på vekslinga mellom gode og dårlege sider i filmen.
Mary Elizabeth Mastrantonio kan nemnast som eit siste lyspunkt, då ho med sin gigantiske permanent likevel framstår som søt nok til å gi minst to poeng på vegne av ei tynn romantisk sidehistorie, dessverre trekk Kevin Kline ned igjen totalen.