The Jewel of the Nile - Filmdagbok

The Jewel of the Nile 1985

The Jewel of the Nile er ein typisk middelmåtig oppfølgjar til ein god førstefilm, som var Romancing the Stone. Kathleen Turner, Michael Douglas og Danny DeVito dukkar alle opp igjen. Eventyret i denne filmen går føre seg i Monaco og Egypt, og i likskap med forgjengaren har også skurken i denne filmen bart.

Andre likskapar er at også denne filmen handlar om å få tak i ein edelstein, motivasjonen til Jack T. Colton er under tvil og Ralph (Danny DeVito) følger i hælane på dei.

The Jewel of the Nile kan vere ein god film på eiga hand, utan at eg kan stadfesta det. Men sett tett opp mot Romancing the Stone er han ein tam versjon av forgjengaren, og ein film med langt mindre driv og tempo. Det er mykje godt å ta tak i, som at Joan (Kathleen Turner) er ei kvikkare og betre heltinne enn før og at filmen består av lure og gode actionsekvensar.

Trass i at fleire av desse sekvensane blir for lange og dryge, og at eg generelt kjedar meg innimellom, så er The Jewel of the Nile grei nok til å vere ein grei film, men ikkje meir.

The Jewel of the Nile er ein unødvendig oppfølgjar når alt kjem til alt. Det er ein bleik kopi av sin forgjengar, som verken bidrar med noko nytt eller i særleg grad lykkast i å kopiere suksessen under dekket som ny film.