
The Juror
Annie Laird (Demi Moore), er ei einsleg mor og kunstnar. Ho blir kalla inn som jurymedlem i ei mordrettssak mot mafiabossen Boffano.
Filmen byr på ei rekke konfliktar og spenning i form av at ho blir pressa av nokon til å sikre at Boffano blir frikjend. Dette trekket driv historia framover og gir filmen ei aukende kjensle av uro.
Filmen har eit stjerneensemble som består av namn som Alec Baldwin, Joseph Gordon-Levitt, Anne Heche og James Gandolfini.
Til å vere ein så tilgjengeleg, spennande og lettfatteleg film så er eg positivt overraska over at The Juror ikkje har overdrivingane ein ofte finn i hovudstraums thrillerar.
The Juror er både spennande og gripande. Alec Baldwin er på topp. Demi Moore viser styrke og sårbarheit samtidig.
Her er avstanden til andre vurderingar stor. Michael J. Legeros på Movie Hell (legeros.com) meiner handlingane i filmen blir absurde og berre tener til å gi raske dramatiske utslag. Han finn heller ikkje mykje spenning. Eg opplevde det motsett. Presset mot Annie og samspelet mellom Demi Moore og Alec Baldwin held historia gripande. Denne typen thriller står tydelegvis og fell på om me blir med på premissen og trusselen.
