
The Kid
Charles Chaplin er i lag med Buster Keaton blant dei utvilsamt største innanfor stumfilm og komedie. Mens Charles Chaplin er hakket kvassare på å kombinere sine historier med drama, likar eg best stunta og sprella til Buster Keaton.
The Kid har ein seriøs undertone i form av landstrykaren, den kjente figuren til Charles Chaplin, her tar han hand om eit forlate barn. Det fører til eit og anna problem. Utført på Charles Chaplin-vis.
Dette er ein ganske kort film på litt over ein time, og ein morosam. Men eg blir ikkje frelst. Det kunne vore artigare, villare eller djupare.
Blandinga av komikk og alvor er derimot nær fullkomen for skribenten på A Mythical Monkey Writes About the Movies (mythicalmonkey.blogspot.com). Omtalen meiner dei ulike delane blir samla til noko som rører sterkare enn kvar del åleine. Eg ser at Charles Chaplin får dramaet og komedien til å møtast, men blir ikkje like overvelda. Ein god kombinasjon er ikkje alltid nok til å gi den heilt store opplevinga.
