The Kid - Filmdagbok

The Kid 1921

Charles Chaplin er i lag med Buster Keaton blant dei utvilsamt største innanfor stumfilm og komedie. Mens Charles Chaplin er hakket kvassare på å kombinere sine historier med drama, likar eg best stunta og sprella til Buster Keaton.

The Kid har ein seriøs undertone i form av landstrykaren, den kjente figuren til Charles Chaplin, her tar han hand om eit forlate barn. Det fører til eit og anna problem. Utført på Charles Chaplin-vis.

Dette er ein ganske kort film på litt over ein time, og ein morosam. Men eg blir ikkje frelst. Det kunne vore artigare, villare eller djupare.