Adam Brody spelar ein privatetterforskar som nådde toppen av anarkjenning som barn, og i vaksen alder går på autopilot med enkle saker og ein usunn livsstil.
Sakene han har kan handle om å finne forsvunne kattar eller oppdage den seksuelle legninga til nokon. Ingenting slår den store tjuverisaka han løyset som 12-åring, og no er han 32.
The Kid Detective framstår som ein mørk komedie, som opnar med ei del som spelar på det patetiske livet hovedpersonen lev. Her er det mykje god humor, som filmen leverer på rekke og rad.
Så dukkar det opp ei 15 år gammal jente med ei mordsak som ho vil at detektiven skal løyse. Det er hennar kjæraste som har blitt drept, og politiet har ikkje komme noko veg.
Det er med nød og neppe at han tek saka. Ei forsvinningssak frå tenåra hans som han aldri klarte å løyse har heimsøkt han, så tanken på å ta på seg noko så seriøst er skummelt. Men det må skje.
Og det er her filmen byrjar utviklinga frå lettare komedie til å bli ein godt skrive film med ei skikkeleg historie som heng godt saman. Og det er her eg skal avslutte oppsummeringa av handlinga.
The Kid Detective var ein film eg blei obs på gjennom ei filmmelding av Half in the Bag. Så eg visste litt kva eg gjekk til, men ikkje kor god filmen skulle bli etter at han verkeleg staka ut retninga.
I tillegg er det heile krydra med klassisk spenningsmusikk som inspirert frå eldre krimfilmar, som er med på å spikre dette som ei god oppleving av ei blanding av humor og alvor.