
The Killing of a Sacred Deer
Hovudpersonen Steven, ein suksessfull kirurg spelt av Colin Farrell, møter den ungdommen Martin, som vert spela av Barry Keoghan. Handlinga er lagt til eit moderne, sterilt sjukehusmiljø som forsterkar ei kald atmosfæren filmen har hengande over seg.
Stilen er prega av ein kontrollert dialog, der karakterane uttrykker seg nærmast robotaktig. Dette gjer situasjonen enno meir urovekkande. Kva enn situasjonen er. Filmen ser bra ut, og har god musikk, og er god på å skape ubehag.
Det sterile uttrykket er sentralt i Xin Yi Wang si omtale på UCL Film & TV Society (blog.uclfilm.com). Ho trekker fram dei reine romma, det sparsamt folkesette landskapet og kamerarørslene som kjelder til uro. Ho opplever den gradvise oppbygginga som svært vellukka. Eg ser styrken i dei same grepa, sjølv om dei for meg skaper meir ubehag enn tilknyting og ikkje heilt gir filmen det drivet eg saknar.
For meg var The Killing of a Sacred Deer ei utfordrande oppleving i at han mangla driv, og samtidig var litt ubehageleg. Det var interssant, men eg måtte dele han opp over tre dagar.
Trass i fantastiske skodespelarprestasjonar frå både Colin Farrell og Barry Keoghan, kjende eg ikkje heilt tilknyting til karakterane eller handlinga. Det konstante ubehaget filmen skapte var til både ei styrke, men og noko som hindra meg i å like han for godt.
