
The Kings of Summer
The Kings of Summer er alt det som det var lov å håpe han skulle bli. Ein film som fangar sommaren, ungdommen og alvoret.
Det er dramatisk, men det fungerer. Det er morosamt, men ikkje overdrive. Og det er mykje takka vere at filmen bygger på gjenkjennelege idear frå min eigen ungdom.
Det meste er på plass. Karakterane, miljøet, måten det er filma på, bruken av musikk. Biaggio er ein utruleg morosam karakter. Huset i skogen er eit steinkast unna sivilisasjonen, men blir fanga på film som eit fjernt eventyrland som passar karakterane sitt ønske om kor dei vil vere. Problema dei har med foreldra sine er små bagatellar, men betyr alt i deira alder.
Yvette på You Musn’t Give Your Heart to a Wild Thing (yvettesreviews.wordpress.com) blir også fanga av skogen som eit vakkert fristed og av leiken med ungdomsdraumen om å klare seg sjølv. Ho mistar noko av interessa når kjærleikstrekanten tek større plass. Eg opplever ikkje det same brotet. For meg held filmen fast på kjensla av kor store små problem kan vere i denne alderen, også når sommaren blir meir alvorleg.
The Kings of Summer fangar alt på rett vis, og blir verken pretensiøs, ironisk eller for stor på sjølvinnsikt undervegs. Handlinga engasjerer på enkelt vis, og dommen er utelukkande positiv.
