
The Kissing Booth
The Kissing Booth er ein lett romantisk komedie med ungdommar i hovudrollane. Filmen spelar på mange klisjear frå sjangeren frå dei siste tre–fire tiåra, og framstår ikkje som spesielt original. Men han har ein passe dose humor, kurant produksjonskvalitet, sprek musikk og habile skodespelarar.
I tillegg så er The Kissing Booth akkurat det eg forventa og var klar til å sjå. Det er lettfordøyeleg underhalding, kor ting aldri skal bli for dystert. Og kor dei fleste problema skal kunne løysast.
Motivasjonen bak fleire val som blir gjort av karakterane i denne filmen heng ikkje på greip. Og filmen tek tydelege vendingar for å følge ei viss oppbygging, som dei ikkje får til å skrive godt nok inn til å passe det me har lært om karakterane. Så dette er ingen klassiskar å skrive heim om på fleire sett. Men han er elles ein hyggelege nok film.
Emma på Young Black Couch Potato (youngblackcouchpotato.wordpress.com) finn også filmen tidvis søt og morosam, men reagerer sterkt på kor kontrollerande gutane er mot Elle. Ho meiner filmen glattar over oppførsel som burde ha blitt problematisert. Eg opplever dette som hyggeleg nok underhalding, men innvendinga gir meir å tenke på rundt karaktervala. Ein romantisk fantasi blir mindre uskuldig når kontrollen skal fungere som ein del av sjarmen.
