The Kissing Booth er ein lett romantisk komedie med ungdommar i hovudrollane. Filmen spelar på mange klisjear frå sjangeren frå dei siste tre–fire tiåra, og framstår ikkje som spesielt original. Men han har ein passe dose humor, kurant produksjonskvalitet, sprek musikk og habile skodespelarar.
I tillegg så er The Kissing Booth akkurat det eg forventa og var klar til å sjå. Det er lettfordøyeleg underhalding, kor ting aldri skal bli for dystert. Og kor dei fleste problema skal kunne løysast.
Motivasjonen bak fleire val som blir gjort av karakterane i denne filmen heng ikkje på greip. Og filmen tek tydelege vendingar for å følgje ei viss oppbygging, som dei ikkje får til å skrive godt nok inn til å passe det me har lært om karakterane. Så dette er ingen klassiskar å skrive heim om på fleire sett. Men han er elles ein hyggelege nok film.