Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Knight Before Christmas (2019)

The Knight Before Christmas

Film
2

Julefilmane som blir laga til Netflix er ein del forskjellig. Medan julefilmane som blir laga til Hallmark ofte er likare kvarandre. The Knight Before Christmas er ein julefilm for Netflix som liknar på ein for Hallmark.

Her kan du krysse av på lista for klisje etter klisje. Det er falsk snø. Det er mykje julepynt. Filmen har magiske innslag. Den eine sentrale rolla blir spelt av ein talentlaus skodespelar og modelliknande fyr. Alle er godt sminka. Sjølv om det er mykje julepynt, skal det pyntast meir. Filmen er ein romantisk komedie. Vanessa Hudgens i hovudrolla har spelt i minst ein julefilm tidlegare.

The Knight Before Christmas er akkurat det eg forventa når eg såg plakaten og las om kva han skulle handle om. På grunn av det svara filmen til forventingane mine, og eg blei ikkje skuffa. Det er i samanlikning med andre julefilmar eg vel å rangere han på nedre del av skalaen.

Det føreseielege er ikkje noko stort hinder for Nicholas Linde på Average Film Blog (nicholaslindefilm.wordpress.com). Han meiner filmen stort sett lykkast med det enkle opplegget sitt, og at Vanessa Hudgens passar godt inn i den reine Hallmark-stilen. Eg ser òg at filmen leverer det han lovar. Men samanlikna med andre julefilmar får eg mindre igjen for alle dei velkjende ingrediensane.

Det er ein trygg og enkel film å sjå, om du har sansen for julefilmar og har tilgang til Netflix. Og om du berre vil sjå ein julefilm utan meir styr. Blant julefilmar generelt og blant dei nye på Netflix i år, så kjem han eit stykke ned på lista.

Filmen er for meg som interessert i slike filmar, artig fordi han er så typisk at det blir humoristisk.