
The Ladykillers
The Ladykillers er ein mørk komedie frå Ethan Coen og Joel Coen. Filmen har Tom Hanks i hovudrolla som «Professor» Goldthwaite Higginson Dorr.
Professor Higginson Dorr planlegg i lag med eit mindre mannskap å rane ein kasinobåt fortøydd til land. Dei leiger kjellaren til ei eldre dame i nærleiken, som dei har tenkt å bygge tunnel ut til båten frå.
Dette er ikkje den beste filmen til Ethan Coen og Joel Coen, men likevel verdt å få med seg dersom du har ei interesse for deira filmar i utgangspunktet. Det er til tider morosamt. Me møter ein eksentrisk og sjarmerande gjeng, som resulterer i ein sjarmerande film.
Daniel Cook Johnson på Film Babble Blog (filmbabble.blogspot.com) meiner Tom Hanks får til dei nervøse småfaktene til professoren, men at gjengen rundt han blir for breitt teikna til å skape dei store latterutbrota. Han saknar meir av den vanlege presisjonen til Ethan Coen og Joel Coen. Eg er heller ikkje overvelda, men finn meir sjarm i dei eksentriske personane. Det er nok til at eg framleis synest filmen er verdt å sjå for den som likar filmskaparane.
