The Ladykillers - Filmdagbok

The Ladykillers 2004

The Ladykillers er ein mørk komedie frå Ethan Coen og Joel Coen. Filmen har Tom Hanks i hovudrolla som «Professor» Goldthwaite Higginson Dorr.

Professor Higginson Dorr planlegg i lag med eit mindre mannskap å rane ein kasinobåt fortøydd til land. Dei leiger kjellaren til ei eldre dame i nærleiken, som dei har tenkt å bygge tunnel ut til båten frå.

Dette er ikkje den beste filmen til Ethan Coen og Joel Coen, men likevel verdt å få med seg dersom du har ei interesse for deira filmar i utgangspunktet. Det er til tider morosamt. Me møter ein eksentrisk og sjarmerande gjeng, som resulterer i ein sjarmerande film.