The Last American Virgin - Filmdagbok

The Last American Virgin 1982

Blant mange rare tenåringskomediar er The Last American Virgin ein gråstein med gullkjerne. Som andre gode filmar sett dei siste åra er dette eit drama innpakka i ein romantisk komedie.

Dessverre er både skodespelet og handlingane til hovudpersonen ruskande døvt. Men så er det den amatørmessige valsinga rundt på skjermen, i lag med eit overdrive seriøst tema, som reddar dette typiske eventyret om tre unge gutar ute etter sex, frå å bli fullstendig feil.

Av anna som er verdt å nemne er debuten til Kimmy Robertson og ein slutt som konkurrerer med den norske filmen 1958 i brutalitet.

Festleg film, men ikkje fullt så bra.