Det kan hende The Last Days on Mars er blant det betre eg har sett av science fiction i løpet av 2013. Eg er ikkje sikker. Men la meg starte med starten, og med det gode.
Me er på planeten Mars. Ei gruppe menneske har vore der i seks månader, og skal straks heim. Filmen tar seg god tid til å gjere oss kjent med miljøet, utstyret og situasjonen. Det er gjort på tålmodig vis, utan dei mest opplagt frampeika. Heller stilig enn obligatorisk. Det er interessant som science fiction, og formidlinga er rett på sak utan unødvendig bakrunnshistorie.
Gradvis byggjer filmen seg opp mot eit nødvendig klimaks. Og med dette endrar sjangeren seg noko. Utan å røpe handling, så vil eg påstå at filmen ikkje lev heilt opp til stemninga og stilen innleiingsvis når det blir meir thriller og grøssar vidare. Det som er positivt vidare er at ei god balansering av truverdig science fiction og nødvendige filmknep held fram.
Det eg lurer på er om ikkje The Last Days on Mars kunne ha blitt ein god del betre, hadde redigeringa av filmen blitt gjort annleis. Det blir å spekulere, men den snikande stemninga som kom gradvis tidlegare i filmen, blir borte til fordel for eit actionpreg i dei seinare delene. Ikkje heilt borte, men nok til å skape eit løp og eit hastverk mot slutten.
Det er med desse tankane eg ikkje veit kva eg synst om The Last Days on Mars. Det kan hende det er blant det betre eg har sett av science fiction i løpet av 2013, det kan hende ikkje. Men det er sikkert at deler av filmen er svært gode, og at filmen dermed er verdt å sjå.