
The Last King of Scotland
Den etterlengta filmen om den nyutdanna skotske legen Nicholas Garrigan (James McAvoy) skuffar litt. Jakta hans på eventyr endar med at han blir personleg lege og rådgivar for ein av dei mest grufulle diktatorane verda har sett det siste halve hundreåret.
Forest Whitaker har fått mykje skryt for rolla som Idi Amin, og eg kan ikkje anna enn å føye meg inn i rekka. Mannen har spelt i gode filmar før, men eg har aldri sett han gjere ei så sterk rolle. Han er også han som trekk The Last King of Scotland opp. For å følge Garrigan, som ikkje har det ekstra som gjer han til ein interessant karakter, endar opp med å bli ein gjennomsnittleg affære. Og når det er dette som er grunnlaget for filmen, så er det opplagt at det speglar av på filmopplevinga.
På gareth’s movie diary (garethsmovies.blogspot.com) blir Forest Whitaker også framheva, medan James McAvoy verkar mindre godt tilpassa resten av filmen. Skribenten meiner den siste delen strekker truverdet for langt. Det er ikkje heilt den same innvendinga som mi, men begge peikar mot eit drama som ikkje held tritt med den sterkaste prestasjonen. Når Garrigan ikkje blir interessant nok å følge, kan ikkje intensiteten rundt han bere alt åleine.
I fare for å få folk på nakken vil eg påstå at denne filmen ikkje er anna enn eit forsøk på å innhente ein Oscar, ved å bruke ei velkjent oppskrift som omhandlar ei grufull hending i Afrika. Det har fungert før, men eg saknar det vesle som får meg skikkeleg oppgitt og engasjert over det som skjer her.
No blei det mykje negativt her, og eg skulle nok lagt meir vekt på det positive, ettersom eg i stor grad tykte at filmen var over middels. Men etter å ha skrive dette er eg ikkje sikker lengre på kva eg eigentleg synest om filmen.
