
The Last Man on Earth
Basert på boka I Am Legend av Richard Matheson.
Dette er historia om ein mann som nesten er åleine igjen i verda etter resten av folket er utrydda av eit farleg virus. Vampyrliknande skapningar herjar ute på nattetid. Tre år har gått sidan virusutbrotet, og rollefiguren til Vincent Price må kjempe om tilværet. Det skin igjennom at det må vere ei god bok dette er basert på, temaet er interessant, men filmen er rufsete i kantane og ingen underverk.
Vincent Price er artig i motsetning til resten av mannskapet i fimen. Tempoet er søvndyssande i tomheita som følger av mangel på informasjon. Tittelen er kanskje den finaste blant dei mange filmatiseringane av boka I Am Legend.
Vincent Price får også ros på Silver in a Haystack (silverinahaystack.wordpress.com), men der blir den mørke, rå stemninga og bileta vurderte langt meir positivt. Omtalen finn kvalitetar sjølv om det låge budsjettet er synleg. Eg får ikkje den same sterke opplevinga av tomheita. Temaet har noko ved seg, men for meg gjer mangelen på informasjon at det rolege tempoet blir søvndyssande heller enn urovekkande.
