Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Last Summer (2019)

The Last Summer

Film
3

Dette er ein forfriskande film som tenåringar kan sjå i lag med vennene eller elskarane sine. Det er ein nesten flat film som viser den siste sommaren til nokon tenåringar før dei byrja på college. Med flat meiner eg at filmen verken overdriv eller overdramatiserer noko. Og i dette tilfelle er det til fordel for filmen.

Den lågmælte stilen verkar heilt annleis på Lars Ingebrigtsen på Random Thoughts (lars.ingebrigtsen.no). Han saknar både energi og sjarm, og meiner dei stille augneblikka ofte berre blir tom stirring. Eg opplever nettopp fråværet av store dramatiske utslag som noko av styrken. Her ligg skiljet mellom ein film som kjennest flat og ein som gir ungdommane litt rom til å finne ut av kva dei vil.

Ikkje alle Netflix-filmar eg like gode, men The Last Summer har noko for seg. Viss du er ein tenåring, kan du godt bruke denne som inspirasjon. Kanskje han vil hjelpe deg med å ta val.

Elles er dette ein romantisk komedie med kjensler og vanskelege avgjersler.