
The Last Time You Had Fun
Foreldrekomedie er kanskje ikkje ein eigen sjanger. Likevel er det omtrent der eg plasserer The Last Time You Had Fun. Filmen prøver å få noko morosamt ut av vaksne menneske som skal sleppe seg laus, men forsøket blir nokså halvhjarta.
To menn og to kvinner møtest på ein vinbar og endar med å tilbringe kvelden saman. Fleire av dei har barn, og alle har forhold og kvardagsproblem dei gjerne vil kome litt unna. Ein kveld ute skal gi rom for noko anna enn det vanlege.
Eg blir ikkje særleg overtydd av resultatet. Det er først og fremst Eliza Coupe som reddar filmen for meg. Ho kjem med energi som resten kunne hatt godt av meir av. Samtidig kan også ho bli litt mykje. Det er ei grense mellom å gi liv til filmen og å ta heilt over.
Jared Mobarak meiner på The Film Stage (thefilmstage.com) at skodespelarane får det kjende oppsettet til å verke ekte. Han legg vekt på at dei ikkje overdriv. Der har me ganske ulike inntrykk av korleis dette fungerer.
