
The Last Waltz
Martin Scorsese har regissert denne konsertdokumentaren som bygg på The Band sin siste konsert. Og det er ikkje ein kva som helst slags konsert, med seg har dei fått songarar dei har spelt for gjennom dei 16 åra dei turnerte. Bob Dylan, Neil Young, Neil Diamond og Eric Clapton er noko av desse.
Musikken ligg nok utanfor mitt vanlege felt, men eg likte dette godt. Det gav ei god stemning, og intervjua mellom songnummera er prega av ein lett og ledig tone som passar personlegdommane til musikarane bra. Så god synest eg konserten var at eg kjøpte mitt første album med The Band etterpå.
Kameraet får mykje av æra på Rob’s Movie Vault (robsmovievault.wordpress.com). Skribenten rosar korleis Martin Scorsese held bildearbeidet stødig og lar musikarane vere sentrum, samstundes som filmen fangar både gleda og slitne sider ved framføringa. Det utfyller godt den gode stemninga eg sit igjen med. Eg treng ikkje ha dette som min vanlege musikk for å bli dratt inn når filmen gir plass til menneska som spelar han.
